11 veker gamle guter og aggresjon.

Om rottenes temperament og personlighet.

Moderator: Moderatorer

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2339
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav iwonamo » 21 okt 2013, 18:26

For om lag tre veker sidan fekk eg tre unge rottemenn i hus. Storm, Birk, og Odin. Dei er brødre, og er fødd 1 august. Kjem frå dyrebutikk, og er veldig dårleg sosialisert i forhold til mennesker. Planen var å introdusere dei tre for ein annan hanne som eg har og som bur åleine, men dei skriker som ein gjeng med griser berre dei ser han Bartus. Storm freser og buster pels om Bartus passerer for nært buret deres. Han har også bitt meg fleire gonger mens hendene mine lukta av han. Planen om introduksjon er blitt utsatt, og no jobber eg med tillitstrening. Eg var vekke heile forrige veke, og "barnepassarane" ønskte ikkje å handtere dei i like stor grad som eg ellers ville ha gjort. Då eg kom tilbake såg eg at her var det gjort store tilbakesteg, dei var veldig redde, og Storm beit meg kraftig til blods. Eg såg litt framsteg i forhold til menneskeleg kontakt etter å ha jobba med dei i 14 dager før eg reiste, men no er vi tilbake til utgangspunktet.

Dei har vekse masse på den tida eg var vekke. Eg legg og merke til at dei krangler meir enn før. Spesielt Storm, og Odin. Det som før var leikeboksing, liknar no meir ein kamp på "liv og død". Dei har kanskje ikkje heilt klarlagt kven som er sjefen, og begge prøver seg berre anledningen byr seg. Dei stirrer på kvarandre mens dei står oppreist, bokser og skriker heilt forferdeleg. Problemet er at ingen av dei har tenkt å gi seg.

I natt braka der skikkeleg laust. Eg har aldri høyrt så intense rotteskrik før. Både Storm, og Odin endte med bittsår. Storm virka tilsynelatande uberørt av episoden, og spankulerte og leika i lag med Birk seinare på natta. Mens Odin virka til å vere veldig skremt, ville ikkje bevege seg i buret, søkte seg berre inni hengekøye eller hus. Dei gangene Storm passerte forbi huset reiste Odin seg opp på bakbeina, gapte opp og viste tennene, eg høyrde og freselyser frå han. Til motmæle reiste også Storm seg opp på bekbeina, og men utan å gape, og så gjekk han sin veg etter nokre sekund. Dette gjentok seg fleire gonger, og eg torde ikkje anna enn å sitte oppe og sjå kva veg det gjekk. På morgonkvisten såg det ut til å roe seg.

Då eg stod opp i dag såg eg at Storm, og Odin låg att med kvarandre og sov. Akkuratt no ligg alle tre ganske nær kvarandre og sover. Odin virker ikkje så skremt i dag, og har til og med tørt å komme fram og helse på meg. Det er fortsatt ro i buret, men eg tenker det blir fart i dei når kvelden kjem. Dei tre bur i ein halvpart av RS bur, og eg har ikkje fått laga noko skikkeleg luftepalss anna enn på toppen av buret pga eg øsnkjer å begrense spredning av midd som dei er under behandling for. Men i kveld skal dei ut og springe, håper det hjelper. Eg skal også åpne resten av buret slik at dei tre får heile RSen for seg sjølv.

Har dere andre råd? Bør dei fortsette å bu i lag? Er det vanleg at rotter som er er fødd og oppvokst i lag bråker og slåss slik desse to gjer? Er det generelt meir spetakkel blant hanrotter enn horotter innafor samme flokk?

Er 11 veker gamle rottemen hormonelle eller er det anna tull dei held på med? Kor tid kan eg i så fall vurdere kastrering eller chipping om dei ikkje roer seg ned?
"Til lags åt alle kan ingen gjera."

Brukeravatar
Matmor
Gammelrotte
Innlegg: 5485
Registrert: 10 apr 2007, 13:35
Sted: Sandefjord

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav Matmor » 21 okt 2013, 18:43

Jeg tror ikke jeg ville ha åpnet RS-buret i den situasjonen. I beste fall har de to slåsskjempene funet ut av det, og kan leve fredelig sammen videre. 11 uker er nemlig veldig tidlig i forhold til hormonell aggresjon. Problemet er at hvis du utvider burstørrelsen er det lettere for den ene å holde seg unna den andre, så konflikter får tid til å bygge seg opp før det virkelig braker løs. En halv RS er definitivt stor nok til 3 hanner - og det kan hende du får bruk for å skille dem raskt og hvive én av dem inn i et ferdig bur hvis kranglingen ikke gir seg.

Jammen tar du på deg noen utfordringer! Hatten av for det, men det nytter jo ikke å ha dem slik hvis de fortsetter å skade hveandre.

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2339
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav iwonamo » 21 okt 2013, 23:36

Takk for svar Matmor :)

Eg trur at det ein eller anna øvrig makt som har bestemt at det er kun rotter med atferdsproblem og anna sjukdom skal havne heime hos meg..... Er nok ikkje det, men det virker slik. Men eg har innført inntaksstopp no. Uansett om alle dei nye ender opp som åleinerotter vil det ikkje bli tatt inn fleire rotter. Erfaringen tilseier meg at det ofte er lite håp når rotta først har slege seg vrang.

Eg fekk beskjed om at rottene var oppfostra i ein privatheim i lokalmiljøet, og skulle vere håndtamme før eg bestemte meg for å ta dei med heim. Eg lurer virkeleg på dette her no når eg ser kor redde dei er. Butikken har fått grundig tilbakemelding, både ang oppførsel og helse. Tilbakelevering er likavel uaktuell. Dei skal få ein sjanse til å leve eit godt liv her, om dei ender opp i flokk eller som åleienerotter gjenstår å sjå. Dei kjem ikkje til å bu i lag om eg i framtida ser tegn på at dei vil skade kvarandre eller mistrivst i kvarandres selskap. Ledige bur er det nok av her i huset.

Odin datt ned frå buret i går. Det er ingenting å sjå, og han beveger seg som vanleg, et og drikk godt. Han virker til å vere litt tett i nasen, men eg trur ikkje at det er sjukdom på gang. Sjølv om han ikkje er like redd som han var i natt, oppfører seg fortsatt rart i dag sammenlina med dagen før. Han oppheld seg helst på øverste hylle i buret, virker skvetten, og det virker som at han er på vakt heile tida. Gårsdagen sert ikkje ut til å vere gløymt, Odin blåser hørbart gjennom nasen, og flykter fortsatt om han møter Storm anikt til ansikt. Han hyler og viss Storm nærmer seg huset han ligg i. Slik eg ser det lever Odin per i dag eit liv fylt av frykt, og kjem det seg ikkje snart blir eg nødt å skille dei to uansett om dei bråker eller ikkje.

Men i neste øyeblikk kan Storm legge seg att med han til å sove, og det ser ut til å gå bra. Eg hørte svak piping frå buret i stad, og gjekk for å sjekke sidan eg viste at Odin og Storm låg og sov att med kvarandre. Eg veit ikkje kva sm foregjekk, men begge spratt opp, og eg tok Storm ut av buret. Han var våt på ryggen, eg håper virkeleg at det var Odin som har vaska han og at ikkje det er andre ting. Sjølv om dei har sove att med kvarandre, ser det dessverre til å vere like dårleg stemning seinere. Heldigvis jobber eg om ettermiddagen dei neste dagane, og har dermed anledning til å følge med om natta også. Èg tok Odin ut av buret i stad, han er virker til å vere så, så redd, og han lager dei samme naselydane som han lager ved synet av Storm når eg held han. Men det har han gjort tidlegare og. ...Vi får håpe på det beste.
"Til lags åt alle kan ingen gjera."

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2339
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav iwonamo » 22 okt 2013, 14:25

Storm har lenge reagert på lukta av Bartus, og i natt såg eg tydeleg at han endra sin oppførsel etter at han fekk auge på han lenger inne i stova mens han var ute på lufting. Storm byrja å jage Birk rundt i buret, og seinere såg eg at han aktivt var ute etter Odin. Han speida etter han, og oppsøkte han med vilje. Som vanleg reiser Odin seg opp, hyler, og peser mens han står oppreist. Storm reiser seg og opp, og ved eit par anledninger såg eg at han sparka etter Odin. Det var tilløp til konfrontasjon fleire ganger seinere, og då såg eg meg nødt til å gripe inn. Eg fant ein klut, og skilte dei før Odin rakk å skrike. Storm ble lagt på ryggen nokre ganger, og holdt lett nede. Eg veit ikkje om dette var rette fremgangsmåten, men dei roa seg ned etterkvart. Seinere var det nok at eg berre holdt i kluten på avstand så roa dei seg. Dei klarte faktisk sjå på kvarandre utan å ryke i hop mens kluten var synleg. Storm satt lenge og stirra på meg etterpå mens eg dreiv på utanfor og inni buret, men han gjorde ingen tegn på å ville gå til angrep. Så gjekk dei og la seg. Har ikkje høyrt noko spetakkel frå buret seiener, men eg trur heller ikkje at ting har roa seg. No ligg alle på samme hylle og sover. Det er nesten fristande å filme buret for å sjå kva dei driver med mens eg er vekke.......

Å gå inn og korrigere atferden deres slik eg gjorde i natt er det noko eg kan fortsette med, eller gjer det berre vondt verre? Eg har flytta på bura slik at det er avstanden mellom Bartus og dei andre er lenger, men eg vurderer faktisk å la han helse på dei unge fo å sjå om det har nokon innverknad på oppførselen til Storm. Storm har gjort store framskritt i fohold til menneskelg kontakt, han blir heit slapp i kroppen når eg held han, og let meg løfte han opp som regel utan problem, så lenge eg ikkje lukter Bartus. Birk har også blitt meir fortruleg med meg. Odin er veldig snill mot meg, slikker handa mi, men er redd. Han er veldig redd Storm, og prøver å unngå å vere i nærheten av han. Eg trur det er håp berre eg greier å finne ut kva som er problemet.
"Til lags åt alle kan ingen gjera."

Brukeravatar
monlan
Betarotte
Innlegg: 411
Registrert: 24 jan 2013, 19:50

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav monlan » 23 okt 2013, 00:49

Veldig interessant å lese det du beskriver. Er ikke så lenge siden jeg strevde med intro med mine tre gutter. Jeg erfarte også at ting roa seg etter at jeg begynte å skille de med hansken jeg hadde på ene handa mi. For å beskytte meg, egentlig. Og så lot jeg hansken ligge inne i burene etter tur før og etter intro. Under intro så skilte jeg dem straks jeg så at en av dem blåste seg opp eller slo litt med halen og så holdt jeg hånda med hansken på, synlig og klar. La liksom handa der de gikk og flyttet den litt rundt om og skilte de på en rolig og forsiktig måte. Slik at det ikke ble flere slosskamper, hyl og skrik etter at jeg fikk tipset med å skille kamphanene. Før det kastet jeg en klut over dem når de sloss for å bryte av kampen. Men jeg tror at det er bedre å roe situasjonen før enn å avbryte en uoppgjort kamp. Lurer litt på om alle parter roer seg når de etterhvert vet at hansken beskytter dem, på en måte. Og siden de bare ble skilt, men ikke flyttet fra hverandre så ble det nesten kamp flere ganger på hver intro som ble stoppet før de fikk muligheten til å sloss. På den måten ble ikke introer avsluttet på et tidspunkt når aggresjonen var på sitt verste. Men ble avsluttet når de var rolige. Håper du skjønner hva jeg mener :smile2:

Men det store utslaget hos mine gutter var å bli satt ut på verandaen, noe som var både spennende og skummelt. Alle havnet under ei eske og jeg rakk ikke å skille dem og hadde hjertet i halsen for jeg var så redd for at nå ville en av guttene mine bli skadd. Jeg glemmer aldri bildet i hodet mitt av tre barter som stakk nesa ut av et lite hull i ei eske. Tre par kulerunde øyne som så ut i den store, skumle verden. Så trygge når de hadde hverandre. Etter det var alt i orden.

Lykke til. Gleder meg til å lese hvordan det går :jepp:
Gutta mine Ed, Charlie og Loffen.

Savner Jerry og Findus, Rasmus, Eddy, Charlie, Loffen, Leo og Bernie.
Mitt beste rotteminne er meg og Jerry som sov middag på sofaen. Hver dag i ca 2 år. Savner godgutten min.

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2339
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav iwonamo » 23 okt 2013, 14:26

Ja, eg husker godt då du skreiv om introduksjonen mellom gutta dine. Trur heile forumet ropte hurra den dagen me kulle lese om det som skjedde på altanen, og at dei låg att med kvarandre. Du har gjort ein veldig god jobb der :cheerful:

Eg har og erfart at ein må hindre rottene i å kave seg altfor mykje opp på kvarandre under introduksjon. Slåsskamper er ikkje bra, rottene ser ut til å huske og kan seinere utvike ein negativ holdning mot motparten. Hansken har også vore nyttig her, eg valgte å bruke kluten i denne situasjonen fordi det var det eg hadde tilgjengeleg. Var eigentleg ikkje meint å gripe inn i det heile, men sidan Storm virka så stressa den kvelden var eg nødt å gjere noko. Har ikkje brukt noko klut seinere, det er nok at eg løfter opp handa så gir dei seg.

Det finst ingen system i denne galskapen heller. Ein dag trur eg det, dagen etterpå trur eg noko anna. I går reagerte Storm ikkje i det heile på at Bartus spankulerte i stova ca 1,5 meter frå buret deres. Det var likavel tilløp sptakkel ved eit par anledninger utan at Bartua var synleg. .

Eg har studert Odin dei siste dagane, og eg trur at grunnen til at han reagerer slik han gjer er fordi han er redd. Han er veldig skvetten, reragerer på lyder, og bevegelser. Han held seg mykje i skjul enten i hus eller hengekøye. Møter han Storm på ein åpen plass stopper han opp ( fryser) , ser på han, så flykter han. Spetakkel oppstår når han er trengt inni eit hjørne eller på ein plass utan fluktmuligheter eller om Storm kjem litt brått på han. Han er så redd at han skriker berre Storm ser på han mens han ligg i hengekøya si. Eg trur ikkje storm får lov til å lukte på han utan at han byjer å skrike. Det er svært sjelden at Odin gjer aktive forsøk på å oppsøke Storm, det skjer egentleg kun når Storm ligg og slapper av. Storm derimot beveger seg på dei plassane der Odin ligger eller går. I går møttest dei på ei hylle, Odin rygga og blei hengande med framlabbene på hylla, mens han skreik som om det stod om livet. Storm stod over han og gjorde seg stor. Odin endte med eit skrubbsår i ansiktet, men veit ikkje om det er bittsår eller ikkje. Dei skal få ein sjanse til. Det er i allefall det eg trur i dag. Odin er veldig redd mennesker også, så eg har ein jobb å gjere der.

Eg syns så synd på Odin sidan han virker til å vere så redd, men eg ser og at han har gode perioder inni buret. Har derfor valgt å ikkje skille dei endå. Men eg trur eg vil forsøke å åpne RS buret nokon timer på dagen slik at dei får litt meir tumleplass og ikkje møter kvarandre til enhver tid overalt.
"Til lags åt alle kan ingen gjera."

Brukeravatar
monlan
Betarotte
Innlegg: 411
Registrert: 24 jan 2013, 19:50

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav monlan » 24 okt 2013, 01:01

iwonamo skrev:Ja, eg husker godt då du skreiv om introduksjonen mellom gutta dine. Trur heile forumet ropte hurra den dagen me kulle lese om det som skjedde på altanen, og at dei låg att med kvarandre. Du har gjort ein veldig god jobb der :cheerful:
.

Så kjekt å høre. Fint å kunne dele gleder og sorger.

Dessverre har jeg ikke så mye å bidra med som kan være til hjelp for deg. Men vil bare fortelle om Rasmus og Loffen. For det du skriver får meg til å tenke tilbake.
Jeg kjøpte de fra dyrbutikk og de var nok traumatisert pga tidligere opplevelser og på grunn av flytting til oss. Rasmus var skummel. Han bet oss alle til blods. Gikk regelrett til angrep. han trekte seg ikke tilbake og var redd. For han var jo bare redd. Men det som bekymra meg mest var hvordan Loffen herset med han. Han lot han ikke få fred. Løp etter han og skulle ha han på ryggen hele tida. Rasmus hylte og pep støtt og stadig og det var slosskamper som alltid endte med rasmus på rygg som ble tvangsvasket mens han pep eller hylte og jeg kunne se at han rykket til mens loffen vasket han. som om han ble bitt. jeg var alvorlig bekymra. Men jeg kunne ikke se bittskader. Ikke det at det var mulig å sjekke uten å bli bitt eller å stresse Rasmus noe mer enn han var. Dette endte med at jeg kastrere begge guttene. Loffen for sin voldsomme hersing, alfa, og Rasmus pga at han bet oss og jeg hadde gitt opp å få han til å stole på meg. Kastreringen hjalp veldig.

Men da jeg senere skulle introdusere Edog Charlie til Loffen så såg jeg at jeg nå sto over for noe annet. Der var det aggressivitet, på liv og død. Det som var før var bare utslaget av en hormonell hersesyk bror var nå en situasjon på liv og død. To alfaer i mellom.
Jeg synes at reaksjonen til Odin minner om Rasmus. For han hylte bare Lloffen var borti han og han lå og pep så sårt når han ble tvangsvasket. Lå stivt på ryggen og pep og kvapp til uten å tørre å snu seg.
Nå er loffen alfa over ed og Charlie og han tvangsvasker rett som det er mens ed og Charlie nyyyyyter det. De kommer ofte smygende og legger seg på rygg under han for å få seg en real vask på hode og hals.
Så nå er alle vel fornøyd med tilværelsen. Håper det ordner seg for dine.

Masse lykke til. Skjønner at du har fått en utfordring å bryne deg på og gleder meg til å følge med videre. Syns det er imponerende at de roer seg bare du løfter opp handa. Så bra :jepp:
Gutta mine Ed, Charlie og Loffen.

Savner Jerry og Findus, Rasmus, Eddy, Charlie, Loffen, Leo og Bernie.
Mitt beste rotteminne er meg og Jerry som sov middag på sofaen. Hver dag i ca 2 år. Savner godgutten min.

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2339
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav iwonamo » 26 okt 2013, 04:07

Å åpne RS buret var ingen god ide. Eg veit ikkje kva som skjedde i natt, men i dag var begge dei nakne rottemennene fulle i sår. Eg har mine tanker om det, men ingen bevis. I dag sette eg Storm i den eine delen, og dei andre i den andre delen. Storm virka ikkje fornøyd med det. Han beit meg til blods fleire ganger då eg seinere skulle løfte han opp. Eg skjønner ikkje kva som feiler denne gutten, om han er for ung til å bli påvirka av hormoner, kva er det då? Eg trur at ballene hans ryker uansett om ikkje dette kjem seg snart. Han er no komen innatt til dei andre, og buret er på nytt skilt av. Det er ro i buret no, men eg er klar til å fjerne Storm når som helst omeg ser tegn på at han plager dei andre. Birk og Odin ser ut til å trives litt betre i kveld, trur dei hadde godt av å få vere i fred frå Storm ein periode.
"Til lags åt alle kan ingen gjera."

Brukeravatar
Matmor
Gammelrotte
Innlegg: 5485
Registrert: 10 apr 2007, 13:35
Sted: Sandefjord

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav Matmor » 27 okt 2013, 12:31

Jeg synes ikke du skal ta risikoen på å la ham stå sammen med andre rotter når han har gått løs på dem slik - for det er vel ikke så mye tvil om at det er han som har laget skadene på de andre?

Jeg vet ikke om kastrering vil hjelpe, men jeg er ganske sikker på at med mindre han faller til ro på et annet rom alene, og trives med å bo slik, er kastrering eneste håpet.

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2339
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav iwonamo » 27 okt 2013, 14:33

Eg skilte Storm frå brødrene i går kveld. Lot han få komme innatt i dag under oppsyn. Birk virka glad for å sjå han, mens Odin peste og peip berre han såg han. Så braka da laust etter ca 10 minutt, Storm prøvde seg på Birk, Birk skreik som besatt, og det såg ikkje ut til at Storm ville gi seg, og var bustete i pelsen. Ingen kom til skade, og Storm er no ute av buret. Blir ingen fleire forsøk. Eg har få bevis på at det er Storm som har laga alle såra på brødrene, nokon av såra kan ha kome til mens han jaga dei rundt i buret, og ikkje direkte bittsår. Det er minimalt med piping frå brødrene når Storm er ute av buret, så eg kan likavel tenke meg at han har vore involvert i mange av skrike episodane.
"Til lags åt alle kan ingen gjera."

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2339
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav iwonamo » 28 okt 2013, 15:57

Og i dag måtte eg skille Odin og Birk.........

Det såg ut til at dei gjekk bra i lag, fram til i dag.

Eg veit ikkje kva som utløyste det heile, men eg var akkuratt ferdig å støvsuge i stova då eg høyrte eit leven frå buret og såg eit hus som fauk att og fram. Inni huset bar Odin, og Birk.....eg løfta opp huset og avdekka to svært aggressive rotter som slettes ikkje var klar til å avslutte med det samme............resten var eit veldig trist syn......to skambitte rotter, med blod overalt på kroppen.

Eg har rett og slett lyst til å grine no.

Trur det blir snipp snapp på alle tre.
"Til lags åt alle kan ingen gjera."

Brukeravatar
kikky
Gammelrotte
Innlegg: 3947
Registrert: 24 jun 2005, 19:13
Kjønn: Ikke oppgitt
Sted: vestfold
Kontakt:

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav kikky » 30 okt 2013, 11:37

Usj da, rampe gutter!

Får håpe de oppfører seg bedre etter en liten snipp.
Anexet med tottebasser og corgis frøkner.

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2339
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav iwonamo » 30 okt 2013, 13:25

Ja, det var det då. Eg håper det vil hjelpe eg og, men sidan aggresjonen er oppstått før dei er komt i hormonell alder er det kanskje dårlege odds for at kastrering skal ha effekt.

Trur eg venter nokre få veker før eg evt bestiller kastrering, føler dei må bli litt meir håndterbare først, både med tanke på sårstell evt medisinering.

Dei bur no kvar for seg, og ser så langt ikkje ut til å mistrivst eller vere deprimerte.

Når eg tenker tilbake så har eg faktisk hatt veldig mange vanskelege rotter tidlegare og, både aggresive og folkesky. Fleire av dei har kome seg, og blitt gode rotter etterkvart, men eg har aldri tidlegare opplevd at rotter som er født og oppvokst i lag ikkje skal tåle tryne på kvarandre på den måten desse tre gjer.
"Til lags åt alle kan ingen gjera."

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2339
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav iwonamo » 13 okt 2014, 01:53

Gutta er nå 1 og og 2 månader gamle. Storm måtte avlivast i sommar pga kvelning, kun eitt år gammel. Forferdeleg synd. Han gjorde ingen framskrit i forhold til å ville akseptere andre rotter, men var blitt ganske fortruleg med meg. Verken Odin eller Birk er blitt kastrert. Begge har kroniske luftvegsplager, og vil truleg ikkje tåle narkose. (Birk har astma). I tillegg er det lite truleg at kastrering ville ha hjulpet på Odin sine angstplager. Gutta verken tåler eller aksepterer andre rotter, og bur fortsatt kvar for seg noko dei faktisk ser ut til å tåle veldig godt. Ser ut til å trives godt med åleinetilverelsen sin.

I vår henta eg den fjerde broren frå dyrebutikken då ingen ville ha han. Det er tydeleg at eit opphaldet der på heile seks månader ikkje ha gjort han noko godt. Også han bur åleine, han reagerer med aggresjon på andre hanrotter, men kastrering er ikkje aktuell her heller. Han virker til å ha samme angstproblem som Odin når det gjeld andre rotter, og er fortsatt uhåndterbar for mennesker, men stortrivst når han får styre på med sitt utan innblanding frå andre. Han søker kontakt med meg, men tåler ikkje minste berøring.
"Til lags åt alle kan ingen gjera."

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2339
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Re: 11 veker gamle guter og aggresjon.

Legg innav iwonamo » 13 okt 2014, 02:35

iwonamo skrev:Og i dag måtte eg skille Odin og Birk.........

Det såg ut til at dei gjekk bra i lag, fram til i dag.

Eg veit ikkje kva som utløyste det heile, men eg var akkuratt ferdig å støvsuge i stova då eg høyrte eit leven frå buret og såg eit hus som fauk att og fram. Inni huset bar Odin, og Birk.....eg løfta opp huset og avdekka to svært aggressive rotter som slettes ikkje var klar til å avslutte med det samme............resten var eit veldig trist syn......to skambitte rotter, med blod overalt på kroppen.

Eg har rett og slett lyst til å grine no.

Trur det blir snipp snapp på alle tre.


Eg gjorde nok ein stor tabbe då eg skilte brødrene, men eg viste ikkje det eg veit no på den tida. Storm var alfa, Birk beta, og Odin omega. Eg tok ut alfaen som var ute etter omega, med den konsekvens at omega gjekk til angrep på beta når alfa var borte. Så måtte eg skille beta og omega også. Eg skulle ha teke ut Odin som var omega ser eg no. Birk og Storm gjekk som nokonlunde overeins før eg fjerna Storm, desvere gjekk det ikkje sette dei i sammen på eit seinere tidspukt. Dei hadde budd for lenge kvar for seg.
"Til lags åt alle kan ingen gjera."


Gå tilbake til «Atferd»

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 7 gjester