Eg er velsigna med veldig dårlig luktesans, så eg har definitivt ikkje det samme problemet.
No har jo ikkje du hatt verken bur eller innhold så lenge, men om du har noko av trevirke, så skal det ikkje så mykje til før det byrjar å lukte. (Det har til og med eg kjent) Om du har bur med sprinkler som ikkje er lakkerte, så bør du og gjør det. Det er nok ikkje det som lukter akkurat no, men det kjem til å gjere det seinare.
Om du går over til fleecetepper så vil eg framleis anbefale at du har ein form for toalett med strø i, då gjer dei (forhåpentligvis) i fra seg i den, og du kan bytte ut den daglig/annankvar dag, alt ettersom kva nasen din foretrekker. Ein isboks i eit hjørne f.eks funker fett.
Gå over hyller med våtserviett kvar dag, legg tøykluter/filler i botn av hengekøyer eller der dei likar å ligge, dei kan byttast ut kvar dag medan sjølve køyene framleis har "deiras lukt" i seg og det vil (forhåpningsvis) få dei til å ikkje føle at dei må markere alt på nytt.
Og så er det vel som dei seier her over, dei stinker gjerne litt ekstra i starten for å flytte inn.
