Ein liten opptelling her i huset sier meg at det kan vere ein sammenheng der. Tidsperspektivet mtp når svettingen starta kontra tidspunkt for utvikling av svulster er uklar for meg sidan det er så lenge sidan.
Rotte nr. 1 som tråden opprinneleg starta med svetta ein god del, og ho hadde heile fem svulster før ho fylte 2 år. Hennes søster svetta lite, men eg kunne kjenne det på lukta. Også ho fekk to svulster, men utvikla dei eit par månader seinere enn søstra. Rotte nr. 3 svetta lite, fekk ein veldig liten svulst etter at ho var fylt 2 år. Rotten nr. 4 ( Mokka, 19 månader gammel) ekstremt mykje svetting siste månaden, men eg har sett antyding og kjent lukta tidlegare også. Oppdaga ein liten kul i går.
Rotte nr. 5, svetta ikkje, ingen svulster, men ho døde før ho vart gammal. Rotten nr 6, ingen svetting, ingen svulst, men døde i ung alder. Har tre ho rotter til i huset , men dei er ikkje meir enn 7-8 månader gamle. Ei av dei, Marta, har tendens til svetting også, og har svetta like lenge som Mokka. Marta er heldigvis fri for svulster. Både Mokka og Marta er svært dominerande, og svettingen starter når dei får teften av kvarandre. Dei får ikkje møtast meir!
Eg sitter her full av dårleg samvittighet no. . Eg fekk skaffa tre nye burvenner til Mokka så ho skulle slippe å vere åleine, men einaste eg har oppnådd så langt er at ho fortsatt bur åleine og atpåtil kanskje har pådrege seg ein jursvulst som følge av hormonfylte introduksjoner.
No sporer eg av frå lukt, men kan maten rottene blir fora med ha noko å seie for utvikling av svulster. Bortsett frå ein periode i vår, har Mokka og dei andre rottene blitt fora på RM1 som er soyabasert, før det fekk dei RatNAture som og inneheld mykje planteproteiner. Er soya bra eller dårleg med tanke på utvikling av jursvulster?? Er det noko å hente i forhold til kva vi forer rottene med i det heile teke for å hindre utvikling av svulster??