Det er ein vanlig feil å kalle tamrotta for hetterotte, men hetterotte er egentlig berre navnet på avteikninga. Tamrotter med hetteavteikn var lenge dei einaste kjælerottene å oppdrive, er nok der det stammar ifrå.
At ei rotte har hette vil seie at hovudet er ein farge, kroppen ein annan, med ei stripe ned langs ryggen. Hetta kan være i alle fargar, kroppen er kvit.
(Og så finnast det varianter av hetterotte, som f.eks uten stripa ned ryggen osv.)
Hetterotte og hooded er naturligvis det samme.
Din Sandra er husky, det er avteikna som bestemmer kor på kroppen ho har farge. Som med hetteavteiknet er kroppen kvit, medan huskyavteiknet er det med farge på. Fargen kan her og kome i alle fargevariantar. Det er to variasjoner innen husky, banded eller berkshire, banded er meir som eit "bånd" langs ryggen, på berkshire går fargen ned til magen på begge sider. (Veldig enkelt forklart, og rett meg om eg tek feil nokon.) I ansiktet ser avteikna ut som ei spiss kvit pil oppover ansiktet.
Huskyrottene bleikner stort sett med åra, og sjølv om dei har heilt svarte avteikn når dei vert fødde, kan dei bli heilt kvite med alderen.