Hanrotte søker ein heim.

Rotter og rotterelaterte annonser, inkludert rottepass og transporthjelp.

Moderator: Moderatorer

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2344
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Hanrotte søker ein heim.

Legg innav iwonamo » 07 aug 2013, 15:43

Ein ca 5-6 mnd gammel hanrotte søker ein god og trygg heim.

Han har stått åleine i ein dyrebutikk sidan april. Han befinner seg fortsatt der, men eg kjem til å ta han med meg heim, og gjere han menneskevenleg før han omplasseres vidare. Eg vil og teste ut korleis han fungerer i forhold til andre rotter ved å la han møte min kastrerte hanrotte.

Eg vurderer å behalde han sjølv, men sidan eg har ho rotter( og ein kastrat) i huset ser eg på det som litt problematisk. Kastraten er gammel, og ikkje interessert i å bu i lag med andre rotter, samt at eg er veldig usikker på om damene vil takle å få ein mann i huset då spesielt to av dei er svært hormonelle. Eg vil og helst unngå å kastrere ein frisk rotte, noko eg sikkert blir nødt til om han blir verande her.

Så det beste hadde vore å finne ein heim til han der han vil kunne behalde ballane, samt få selskap av sine artsfrender. Derfor lurer eg på om det finst nokon snille folk der ute som kunne tenke seg å ta han?. Aller helst nokon som har rotter frå før, eg vil vurdere andre og, men ikkje kven som helst.

Hannen, ein black hooded, er visstnok blitt handtert dagleg i dyrebutikken.

Han virker frisk, nysgjerrig, snill, og i følge personalet har han aldri bitt. Han smakte forsiktig med tennene på handa mi, men hensikten var nok ikkje å bite, kun å sjekke om det var mat å få. Om ønskjeleg kan helsesjekk hos veterinær ordnast før omplassering.

Eg bur i Sogndal i Sogn og Fjordane. Kan vere behjelpeleg med transport innanfor rimelighetens grenser. Eg har også eit stort brukt bur som du kan få gratis med på kjøpet + diverse andre dill og dall til å ha i buret.

Har ikkje blider, med det kan ordnast om ønskjeleg.

Håper nokon er villig til å gi denne rottemannen ein sjanse :cheerful:
Send PM ved interesse.
"The idea that some lives metter less is the root of all that is wrong with the world" - Paul Farmer

Brukeravatar
Eirorinon
Tisser i køyene
Innlegg: 576
Registrert: 24 aug 2010, 04:56

Re: Hanrotte søker ein heim.

Legg innav Eirorinon » 18 sep 2013, 04:14

Hei :) Ordnet det seg?

Brukeravatar
iwonamo
Redaktør
Innlegg: 2344
Registrert: 15 jan 2012, 03:34
Kjønn: Kvinne

Re: Hanrotte søker ein heim.

Legg innav iwonamo » 19 sep 2013, 23:22

Ja, han blir her :) trur ikkje han har det godt av å flytte til ein ny plass akkuratt no.
"The idea that some lives metter less is the root of all that is wrong with the world" - Paul Farmer

Brukeravatar
Eirorinon
Tisser i køyene
Innlegg: 576
Registrert: 24 aug 2010, 04:56

Re: Hanrotte søker ein heim.

Legg innav Eirorinon » 19 sep 2013, 23:55

Ah, ok! Godt at han endelig fikk et hjem :jepp: <3

Brukeravatar
monlan
Betarotte
Innlegg: 411
Registrert: 24 jan 2013, 19:50

Re: Hanrotte søker ein heim.

Legg innav monlan » 20 sep 2013, 01:10

Så flott at du tar deg av han. :jepp: :smile2:
Gutta mine Ed, Charlie og Loffen.

Savner Jerry og Findus, Rasmus, Eddy, Charlie, Loffen, Leo og Bernie.
Mitt beste rotteminne er meg og Jerry som sov middag på sofaen. Hver dag i ca 2 år. Savner godgutten min.


Gå tilbake til «Kjøp og salg / omplassering»

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest