Uff.. Trudde ikkje Tropehagen var så ille når det gjaldt dyra eg. Den Tropehagen som er her eg bur, er rett og slett imponerande, synest eg.

(Det kan og ha noko med at eigaren er 100% dyrefrelst, og ikkje vil ha nokon andre enn ho sjølv til å jobbe i butikken, då ho vil sjå til at alt blir "ordentleg gjort"

)
Rottene har store bur, innreda med sovehus, bio strø og, faktisk, hengekøyar, og ho held berre eit kjønn av gangen. Kaninene og marsvinene har heller ikkje felles bur.
Då eg planla mitt første kull for ei stund sidan, gjekk eg til ho for å rådføre meg. Då fortalte ho at ho hadde lest ein avls veiledning ein plass, og at eg måtte søke litt på internett for å finne den, då ho ikkje hugsa korleis side det var (reknar med det var her

).
Ho tek heller ikkje i mot heime-kull frå "ukjende" personar, då ho seier ho ikkje vil risikere å få sjuke/aggressive rotter.
Ville berre skryte litt av dyrebutikken "min", så ein veit at nokre Tropehagn butikkar faktisk veit litt kva dei driv med.

Men sjølvsagt, det eksisterar nok ein del som berre tenker peng...
