
Smurf skulle kastrerast i dag, då han angreip den eine rotta mi. Var veldig nervøs for inngrepet då dette var mitt første besøk hjå den nye dyrlegen min. Inngrepet hadde gått veldig fint, og han var så smått i ferd med å vakna når eg kom for å henta han. Dyrlegen fortalte at han hadde blødd noko kolossalt under inngrepet, så han var antaglegvis ein blødar. Men han hadde fått lappa han saman, og alt var tett.
No nettopp merka eg at han nesten var slutta å pusta, så eg ringte til dyrlegen og fikk beskjed om å koma tilbake med ein gong. Desverre var det forseint. Smurf var død.

Farvel, gutten min!
Her er eit bilete av Smurf (øverst) og Ronja.
