Tenkte litt på dette ei stund, før eg fant ut at dette kanskje kan brukast ved introduksjon av rotter òg.
Fekk låne ei vaksen hannrotte av ei venninne som ingen av krabatane mine har sett før, og prøvde å introdusere han til "sjefen" i flokken min på eit nøytralt sted. Resultatet blei slåsstkamp.
Fekk skilt dei, putta rotta mi tilbake i buret sitt, mens eg tok på rotta til venninna mi ein sele eg har brukt på "sjefen" når han har vert med meg ut (hadde brukt den på han inne dei siste dagane, for å vere sikker på at lukta hans var på den). Prøvde så å introdusere dei igjen, og då vart det berre litt sniffing på kvarandre, og så var alt ok.

Kan dette ha vert rein tilfeldighet, eller ligg det faktisk noko i det med lukt?